torsdag 13. mars 2014

Jeg flytter!

Min nye adresse er 

Hjertelig velkommen med meg dit! 
- håper å se deg like ofte som før :)


lørdag 8. mars 2014

Bokomtale: Veke 53

Eg las nettopp Fugletribunalet av Agnes Ravatn, og fekk meg ein ny forfattar på favorittlista mi. Då var det enkelt å plukka med seg debutromanen hennar, Veke 53, frå biblioteket. 

Er det mogleg med ein ny start? Det er det Veke 53 handlar om. Georg Ulveset er ein middeladrande, fråskild lektor. Han har teke mange meir eller mindre gjennomtenkte val gjennom livet, og dei fleste angrar han på. 

Ottar, Georgs beste kamerat, seier at det handlar ikkje om å leva lenge, men om å leva nok. Veke 53 gjer mange krumspring, både tragiske og humoristiske, rundt denne utsegnen. For det går nemleg ikkje så bra med Georg, og i denne jula i boka, skjer det fleire endringar i livet hans. Han blir nøydd å stoppa opp og tenka på vegen vidare: Kan han fortsetja som lærar? Kan han starta ein pub i  nabobygda? Og kjærleiken, finst den? Den ekte, altså ... For Georg har insett at det er ei forbanna einsemd både å vera ein og å vera to. Kva skjer når Marlene dukkar opp?

Veke 53 er ein roman om å våga og gje slepp på det gamle. Om å våga og starta på nytt. Ikkje minst om at ein ny start ikkje viskar ut det som var.

Eg likte Veke 53 veldig godt. Det er ein velskriven og humoristisk roman med djupe undertonar.

søndag 2. mars 2014

Bokomtale: Fuck off I love you

Fyrst av alt må eg seie at tittelen på denne boka ligg langt utanfor den språklege komfortsona mi.
Men eg hadde høyrt mykje bra om boka, så eg hadde lyst til å lese ho. Boka er og nominert til Uprisen 2013.
Fuck off I love you er ein ungdomsroman og rasisme, val og konsekvensar av Lærs Mæhle

Dette står bak på boka:
Vemund er ein tilsynelatande vanleg 16-åring. Likevel viklar han seg inn i eit usunt miljø rundt eit treningssenter. Kvifor?

Leiaren i gruppa, Jokeren, er ein fascinerande, men skremmande skikkelse. Han avgjer alle vesentlege veival med myntkast: På den eine sida av mynten står det «I Love You». Da blir valet godt. På den andre sida står det «Fuck Off». Da blir handlinga vond …

Fuck Off I Love You er ei sterk og spennande forteljing som tar opp viktige spørsmål: Kor mykje kan vi styre liva våre? Kva gjer vi ut frå fri vilje? Og kva blir bestemt ut frå faktorar vi ikkje kan rå over?

Men boka er også ei forteljing om kjærleik, om familie og vener – og om å prøve å finne fast grunn under føtene.

Fuck off I love you byrjar med slutten, og det er ein enormt god effekt, for gjennom heile boka sat eg og sa "nei, Vemund". Det knytte seg i magen for kvart dårleg val han tok. Eg visste frå fyrste setning eg las at det ikkje kom til å gå bra.

Eg meinar at dette er ei viktig bok for ungdom å lese. Sjølv om dei aller fleste ikkje vil havne i ein så alvorleg situasjon som Vemund, så viser boka på ein utmerkt måte at vala vi tar - valfridomen vår - kan få enormt store konsekvensar, og at rekkevidda av desse konsekvensane kan vere uante. Eg trur og at romanen treff ungdommar godt, både i tematikk, språk (då tenkar eg på ungdomsspråk, og ikkje nynorsk!) Boka er og lettlest - må vere ei gåve til lærarar: Fuck off I love you er fullspekka med skulerelevant stoff: Nynorsk, moral og etikk, rasisme, val, venskap, familie og truskap, både til seg sjølv og andre. Å vere ungdom er ingen leik, det er det ingen tvil om. Vil du ha hjelp til å bli bevisst deg sjølv? Les Fuck off I love you! Anbefalst, off course!

P.s. Til de som framleis let dykk skremma av språkbruken i tittelen: Det er knapt eit einaste bannord i boka!)

lørdag 1. mars 2014

Bokomtale: Fugletribunalet

I år skal for fyrste gong Bokbloggerprisen delast ut. Då eg høyrde om prisen fyrste gong, tenkte eg at det var ein fin ting. Og at det var fint at eg ikkje trong å delta. Og det tenkte eg lenge. Då kortlista kom, og alle bokbloggarane begynte å snakka om samlesing, så tenkte eg: Så fint for dei! For endå var det ikkje noko for meg. Det var berre ei av bøkene på lista eg hadde lyst til å lese, og Fugletribunalet av Agnes Ravatn var ikkje blant dei. Eg veit ikkje korfor eg enda med å låne både Fugl og Fugletribunalet på biblioteket. Kanskje fordi ho berre låg der? No har eg lese begge, og er veldig, veldig glad for det!

Fugletribunalet er Agnes Ravatn si andre bok. Hennar fyrste bok, Veke 53, blei gitt ut i 2007. Denne boka fekk ho Natt & Dags Bergenspris for. Fugletribunalet fekk ho P2-lyttaranes romanpris for, og romanen er no og nominert til Bokbloggerprisen 2013.

"Eg drog pusten. Eit ansikt og ein kropp i føriåra ein stad, han såg ikkje ut til å vere det minste pleietrengande. Eg maskerte overraskinga med eit smil og tok nokre steg imot han. Han var grovbygd og mørk. Såg meg ikkje rett inn i augo, men forbi då han strekte ut neven."
Kva gjer ein når sorg, skyld og skam rammar? Me har vel kanskje alle forskjellige svar på det, men både Allis og Sigurd vel einsemda. Kan hende tilfeldig, kan hende ikkje - likefullt så endar Allis og Sigurd opp med å bu i same hus, tilbaketrekt frå omverda. Dei har av heilt forskjellige årsakar trekt seg tilbake frå samfunnet.

Då Allis flytta inn hos Sigurd, som gartnar og hushjelp, kjentes det som ho ikkje hadde anna val. Som om ho fortente å bu i lag med Sigurd. For sjølv om dei budde i same hus, hadde dei ingenting med kvarandre å gjera. Allis laga mat til Sigurd, og ho stod med kjøken benken medan han åt. Så åt ho etterpå. Ingen ord vart utveksla. Det er tydeleg at Allis var redd. Kven var denne mannen som sat heile dagen på arbeidsværelset sitt? Og kva gjorde han der?
"Normalt hadde eg ingenting imot stillheit, men no kjende eg meg nesten desperat. I hovudet mitt gjekk det ei ras av setningar eg hadde lyst til å seie til han, men ingen av dei var mulege. Eg hadde så lyst til at han skulle vere interessert i meg, at han ville vite meir om meg, han visste nesten ingenting om kven eg var. Det var blitt mørkt ute, men det regna ikkje lenger."
Langsamt ser me konturane av tragedie opne seg. Agnes Ravatn gjer eit vakkert og sårt bilde av to menneske som ber på skyld og skam. Dei har begge vald einsemda, for å gjera bot. Medan dei balanserar på lina mellom at dei treng kvarandre, og at dei fryktar kvarandre, malar Ravatn eit bilete av det vidunderelege som kan skje når to personar vågar å opne seg for kvarandre. Forsoning, er det mogleg?

Steinar Sivertsen skriv i Stavanger Aftenblad:
"Til å begynna med er begge to innstilt på å halda avstand til kvarandre. Men snart utviklar historia seg til å bli eit erotisk ladd kammerspel av det klassiske, mørke slaget. Allis blir fascinert av den tause, mystiske arbeidsgivaren som ber på løyndomar ho må kjempa for å få innblikk i. Alkoholen fløymer. Driftene pressar på. Uroa grip om seg. Dei illevarslande teikna blir mange. Tragedien trugar."

Agnes Ravatn har skrive ein utruleg nær og intens roman. Forfattaren bruker eit "nakent" og enkelt språk. Setningane er korte. Ravatn seier ikkje meir enn ho må. Resten må me lesarar lesa mellom linene. For om språket er minimalistisk, så gjer det stort rom for ettertanke.  Her er inga ord overlatt til tilfeldigheitene. 

Historia blir og knytt opp mot norrøne myter. Dei dramatiske forteljingane gjer illevarslande teikn om at noko dramatisk er i emminga. Fugl kan og vere illevarslande teikn, og dei går, om enn stilltiande, gjennom boka som ein tynn, raud tråd. Fugletribunalet har sjølvsagt ein svært sentral plass, men det kan eg ikkje seie så meir om, utan å røpa for mykje

Gjennom heile romanen, kjente eg at det knytte seg i magen. Me fekk vita lite om Allis og Sigurd sine forhistorier, men det me fekk vita, ga stor gjenklang. Frå starten av boka låg det ei kjensle av noko dystert. Sjølv om Allis og Sigurd fekk eit stadig nærare forhold. Sjølv om håpet blei sterkare. Forsoninga klarare. Oppreisinga sterkare. Likefullt, så var det eit dystert bakteppe som fekk det til å knyta seg i magen hjå meg. Eg klarte ikkje å sleppa det. Boka greip meg!

Kasiopeiia skriver veldig fint om Fugletribunalet!

Bokomtale: Giftstrøm

Geriljavirksomhet, torpedovirksomhet og spesialstyrker ...
 Korrupsjon, skatteunndragelser og oljeutvinning ...
Leiesoldater, barnesoldater og Guds soldater ...
Kidnappinger, lemlestinger og grufulle drap ...
Egoisme, dekkoperasjoner og dobbelvirksomhet ...

Høres dette dystert ut? Det skal jeg love deg at det er! Her er det så mye smerte, frykt og sorg at det ikke kan kalles annet enn en giftstrøm.

WOW! Det jeg savnet av driv i Eystein Hanssens første roman De ingen savner, tar han igjen, så til de grader i sin andre bok om politietterforskeren Elisabeth Sunee Rathke. I Giftstrøm mangler det ikke på spenning. Med anspente skuldermuskler puster jeg  lettet ut nå som saken - sakene! - er løst.

Som jeg har nevnt tidligere, synes jeg det er vanskelig å skrive omtaler om krimbøker, så jeg skal bare skrive kjapt om handlingen i Eystein Hanssens bok Giftstrøm:

Norsk-kyprioten Otto Kamperud blir kidnappet i Uganda av geriljalederen Disciple. Kamperud jobber i organisajonen Human light, og han har i to år forhandlet med Disciple gjennom Norad og UD. Når norsk politi får nyss om kidnappingen, litt tilfeldig gjennom en narkotikasak, vet de ikke hvordan de skal gå videre med den. Både fordi de ikke har mottatt noe krav fra kidnapperne, men også fordi Kamperud er kypriotisk statsborger. Ikke Norges ansvar altså. Men når kidnapperen begynner å sende en avkappet finger hver femte dag, øker alvoret, og Elli drar til Uganda for å prøve og forhandle med kidnapperne. I Uganda jobber hun sammen med Rutherford, og som innledningen min lovet, så er denne jakten intens og dyster. Elli, som definerer seg selv som en sekulær bekvemmelighetsbuddhist (som vi nordmenn har det med statskirken) opplever mye som skraper borti karmaen hennes, mer enn hun egentlig er klar for. Men når livet står på spill, er man villig til å ofre mye, selv om det betyr at man i sitt neste liv ender opp som en flue.

"Når man makter å sette problemer under debatt, samtidig som man forteller en ramsalt, spenningsmettet historie, kan man som krimleser ikke ønske mer." (Ola A. Hegdal i Dagens næringsliv)

Giftstrøm er en dyster bok, og den tar opp dystre tema. Det er ingen tvil om at Eystein Hanssen har satt seg godt inn i det han skriver om. Heldigvis er det fiksjon. Dessverre tar det tar ikke bort troverdigheten i fortellingen: Det er altfor mye vondt og urettferdighet i den verden vi lever i.

Sa jeg at boka er dyster? Den er det! Virkelig! Og det er her forfatteren har gjort noen geniale grep. For Eystein Hanssen har nemlig humor. Og uten disse herlige skråblikkene på nordmenn (og briter) og vår eiegode natur, hadde nok denne boka blitt en smule for dyster for meg. Bare se: