lørdag 15. juni 2013

Ein slags bokomtale: Nesten frelst av Sigvart Dagsland


Biografisirkelen er oppretta, og eg er med! Det er Moshonista som oppmuntrar oss til å lese biografiar. I første runde er kategorien populærmusikk. I neste runde er det forfattarar som er kategori, og blogginnlegga skal vera klare i midten av august. 

Eg las biografien om Sigvart Dagsland av Olaug Nilssen i februar, og sidan eg ikkje har hatt tid til å lesa ein ny biografi, brukar eg denne omtalen i denne runden:



I 2009 var eg på litteraturfestival på Sting i Stavanger. Eg hadde vore der fleire gonger før, men dette året gledde eg meg ekstra, for ingen ringare enn Sigvart Dagsland skulle kome! Verdas største  helt! Litt keisamt at han skulle intervjuast av Olaug Nilssen. For kven var ho? Greit nok at ho nett hadde gjeve ut biografien til Sigvart Dagsland, men ho hadde jo ingenting med han å gjere, spør du meg! Det var jo han eg ville høyre. Ikkje ei ukjend forfatterinne som skriv for og om andre. Kunne han ikkje lese frå boka si sjølv? Men som den ihuga Sigvart-elskaren eg var, gjekk eg likevel!

Og eg vart skuffa, det skal eg innrømme. For det eg trudde var ei bok om helten min, viste seg å vere ei bok like mykje om Olaug Nilssen. Eg var jo ikkje interessert i å lese om ho! Sjølvsagt elska eg intervjuet og! Kjære vene, eg sat jo like foran Sigvart Dagsland! Så nær han hadde eg aldri vore før. Hadde eg strekt handa ut, hadde eg kunne rørt ved  han! Tru meg, eg hadde lyst monge gonger i løpet av intervjuet. Sjølv om han provoserte meg inderleg! Kor var det blitt av den gladkristne Sigvart? Ikkje det at eg nokon gong hadde rekna han for å vere det, men no var han så anti alt. Og eg var jo ikkje det, eg var jo framleis den same gladkristne Pia, som hadde gått i tensing og sunge sangane hans, og blitt oppbygd av songane hans. Og framleis blei fryktelig oppbygd av songane hans! Når det er sagt, så vert eg, i skrivande stund, framleis oppbygd av å høyre på Sigvart sine sangar.) Men no sat han der og dementerte heile kristendomen, og eg var provosert (det var sikkert Olaug si skyld! Men eigentlig var eg mest provosert på meg sjølv, som var (for mykje!) einig med Sigvart Dagsland. Han kan meine kva han vil, men eg ville ikkje røske opp dei vedtekne (fastgrodde) sanningane i livet mitt. Eg var ikkje der. Då. (Og ikkje heilt enno!) Om eg ikkje er så konservativ kristen som Olaug Nilssen er (Kilde: Sigvart Dagsland), så likar eg å tenkje på meg sjølv som konservativ, men nytenkjande. Ikkje liberal. (Og eg drikk den såkalla galskapen som kallast vin!)

Til bursdagen nokre veker seinare, fekk eg boka i gåve frå min kjære mann. Nesten frelst av Sigvart Dagsland. Av Olaug Nilssen. Til Pia. Frå han som ikkje likar Sigvart Dagsland, som påstår at broren Jon er ein mykje betre musikar (og det veit han sidan han arbeidar saman med Jon!) Umiddelbart blei eg glad, for eg hadde jo lyst til å lese boka. Og eg elskar jo Sigvart Dagsland. Og sidan Olaug Nilssen var ei heilt ukjent forfattarinne, så hadde eg på sett og vis gløymt ho. Men så kom eg på ho igjen. At eg eigentlig ikkje likte ho. At ho irriterte meg. Og dette  hadde ingenting med at eg hadde vore sjalu på ho. At det var ho som sat og intervjua Sigvart Dagsland, og eg eg bare sat der og ikkje ein gong kunne ta på han, endå eg hadde klart det om eg hadde prøvd. Eg skulle tatt på han! No angrar eg. Så då tok eg like godt og ikkje las boka. Eg var jo eigentlig ikkje interessert i å lese om kordan Olaug Nilssen nesten blei frelst av Sigvart Dagsland. Han er ingen frelsar ...
Men så har åra gått, og boka har lege i bokhylla og samla støv (som så mykje anna i dette huset!) Og i mellomtia har eg faktisk blitt kjent med Olaug (fra no vil det kun gå på førenamn!) Som sagt, så har eg jo sete ved sidan av ho på litteraturfestivalen. I fire månader no har eg vore i same facebookgruppe som Olaug, altså: Me har same interesser. Me har kommentert kvarandre, og eg må seie at eg synst me har ein god dialog. Og i kveld, så henta eg altså boka fram, og no skjønar eg at all mi frustrasjon (ikkje misunning!) mot Olaug, har vore heilt bortkasta. For eg trur me kunne ha vore riktig gode vener om me bare hadde møttest tidligare. Sjølv om eg les ei bok om den store helten min, så kan eg ikkje fri meg frå at det er Olaug eg likar best å lese om. Ikkje berre er me jamngamle (nesten), men me har vore med i tensing begge to (men kven var ikkje med i tensing då me var ungdomar?) Faktisk var me saman fyrste gong allereie i 1992; på TT-92 i Asker. Meg, Olaug OG Sigvart. Det skulle eg ha visst den kalde novemberkvelden på Sting i 2009, at eg hadde vore saman med dei begge allereie 17 år tidligare. Kanskje eg hadde irritert meg ein smule mindre ...?


Men no som Olaug plutselig ikkje lenger var ei ukjent forfattarinne, men ei som har kommentert eit par av mine innlegg i Facebook-gruppa vår, var det med iver eg starta å lese boka. Me er jo trass alt vener! Ho skriv veldig levande og annleis. Men eg likar denne annleis måten å skrive boka på. Eg likar metaperspektivet, den veldig synlige forteljaren. Så godt likar eg denne stilen at eg adopterer metaperspektivet og skriver meg sjølv inn i omtalen av boka. Og det kjennest heilt riktig. For er det nokon som har levd med Sigvart på brødskiva, så er det meg. Han skulle berre visst kor mykje han har betydd for meg. Songtekstane hans har talt til meg fleire gonger. Songen hans Dåp, frå plata Stup (1994) var den som fekk meg til å våge steget til truande dåp då eg var 19 år.

Så reises du opp gjønå jubelsang
mot himlen bak vannflatens speil
med Jesus ga du deg øve te stupet
med Ham står du rensa opp fra dypet
Så reises du opp gjønå jubelsang

Sjølv om eg seinare høyrte Sigvart på TV fortelje at denne handlar om barnedåp, så var det ikkje det songen handla om for meg. For meg handla songen om å ta eit sjølvstendig val og handle på det. Mi tru. Min Gud. Mitt val. Ikkje minst, mitt liv! Noko av det eg har likt best med Sigvart sine tekstar, er at dei handlar om livet. At trua mi ikkje er atskilt frå kvardagslivet. At det handlar om å ta dei gode vala. Kven er vi til å døme?

"Den altomfemnande kjærleiken trur eg så sterkt på at eg forkastar ideen om at det finst synder ein ikkje kan gjere opp for, at det finst eit helvete nokon kan hamne i. Og at mange av historiane mange har skapt om Gud, hellar speglar menneskas avgrensa kjærleik til kvarandre enn beskriv Guds eigen." (side 22)

Olaug bruakar mykje plass i boka på å definere Sigvart Dagsland som ein kristen artist. Sjølv er han svært bevisst på at han er kristen OG artist. Å vere kristen artist meinar han er ein artist som utelukkande syng for eit kristent publikum. For han har det vore viktig å ha eit breitt publikum. Sjølv om eg no har fått svært sansen for Olaug, og me er begge einige om at Sigvart burde vore "meir kristen", så er eg ueinig med ho her. Eg er svært glad for at Sigvart ikkje har definert seg som ein kristen artist. Det gjorde det lett for meg å vere ein ihuga Sigvart-fan då eg var ungdom. Eg trong ikkje skjule at favorittmusikken min var noko "kristent". For eg var ikkje aleine, "alle" likte Sigvart. Ikkje berre dei kristne venene mine. For at eg var ein modig ungdom, det er å dra det langt. Så takk til Sigvart som definerte seg bort frå kristen artist-stempelet. Og så lenge som eg let som eg likte New Kids on the Block, så var det greitt at Sigvart Dagsland var favoritten min. (Ser du, Olaug, New Kids on the Block er og ein fellesnemnar for oss!)

Og det er ikkje berre godt å lese ei bok om Sigvart, den STORE helten! Det har vore veldig kjekt å få betre kjennskap til kven Sigvart er. Å høyre meir om bakgrunnen til songane. Tekstane som eg aldri blir ferdig med, fordi eg (faktisk!) har vekse i forstand med åra! Då eg var naiv ungdom, trudde eg alle songane hans handla om Gud. Det tok lang tid før det gjekk opp for meg at Sigvart song om politikk, at han er ein idealist. Det var først på denne novemberkvelden, på Litteraturuka i Stavanger, der han sat samen med Olaug (og eg sat like ved han og ikkje tok på han!) at eg forstod at han ikkje berre kritiserte kyrkja, men nærast tok avstand frå ho. For eit kyrkjemenneske som eg, var det ikkje lett å svelgje. Ein av mine absolutte favorittsongar er Djupe spor:

     Du har gitt oss kjerkå, Gud 
Hu gjør vel ka hu kan
Hu virke sleden, hu e litt rar
Men om hu svikte, så e hu alt me har

Dette har alltid vore viktig for meg. Kyrkja er kyrkja (og på inga vis ufeilbarlig!), og Gud er Gud (om alle mann var døde! Som faktisk var favorittsalma mi då eg var ni år! Berre for di eg var fascinert over at dei kunne banne i ei salme.) Tilbake til Sting og Sigvart som plutelig braut med alle ideala mine. Han sat der og laga ny teologi i sånn der "alle-vegar-fører-til-Rom-stil". Eg fekk vondt i heile meg. Men om eg skal vere ærlig, så trur eg det verste var at idealet mitt Sigvart brast. Han var ikkje heilt den eg trudde. Og no har eg lese boka om han, og eg kjenner igjen at dette slit i meg.  Eg vil berre ha og like den Sigvart som ein gong var. Og når eg les boka, så ser eg  at han aldri var den eg trudde. At han allereie som ungdom i tensing var lite autoritestru. Det er ikkje noko han har blitt. Det er ikkje noka "miljøskade". Det er Sigvart! Så om eg no skulle ha skrive ein song om Sigvart, hadde han sett slik ut:

Du har gitt oss Sigvart, Gud
Han gjør vel ka han kan
Han virke sleden, han e litt rar
Men om han svikte, så e han "alt" me har
Eg har gjennom åra vore på ein del konsertar med Sigvart Dagsland (men langt i frå nok!) Eg har elska å sitje der og berre  høyre, nyte songane, musikken og stemmen hans. Verdas beste stemme! Sigvart klarer å røre heile meg med musikken sin. Samstundes har eg aldri klart å lande på om eg likar Sigvart Dagsland som forteljar. Somme gonger synst eg at Sigvart løftar seg sjølv og musikken med anekdotene sine. Men ikkje alltid. Av og til synst eg det virker kleint. Eller når han er på TV, og eg synst han skal bli sint, sur eller kva som helst. Han berre sit der. Uberørt. Balansert. Som Olaug skriv: "Du er ein ekstremt diplomatisk og harmonisk mann." (side 158) Og eg blir så glad! Det er ikkje berre eg som reagerer på dette. Av og til blir eg så provosert av at han er så avbalansert. At han alltid smiler, rolig og nøkternt. At han alltid har eit svar. Ingenting vipper han av pinnen (sjølv om Gangnam style nesten klarte det.) Så les eg i denne boka, og eg forstår mange gonger at Olaug har lyst til å ta mannen i armane og riste han medan ho skrik at han må reagere! Det er ikkje eg som er rar. Me er fullstendig normale, Olaug og eg! Det er Sigvart som er rar. (Ein parantes som alle bortsett frå Sigvart kan lese: Eg elsker denne harmoniske Sigvart!)

Og når eg les vidare i boka, så ser ei ny og heilt ukjend side hos Sigvart. Usympatisk. Eg har aldri slutta å like Sigvart, sjølv om eg har vore ueinig med han. Synst han til tider har vore klein som forteljar. At han ikkje har vore som eg ville ha han. Men usympatisk?  "... at Sigvart heldt ein nokså arrogant tone overfor dei potensielle arrangørane." (side 178/179)

Du lurer kanskje på når eg skal starte bokomtalen min? Eg skal i alle fall snart avslutte han. Som eg har nemnt før, så har Sigvart Dagsland vore ein viktig del av mitt liv. Og når eg no har lese ferdig boka og ser tilbake på livet mitt, så ser eg at liva våre har vore ulauselig knytta saman i fleire år. Som eg skreiv: Sigvart, Olaug og eg var saman på TT-92 i Asker. Sigvart har vore med i Løgnaslaget, og eg har hatt ein av medlemmane der som lærar. Eg har vore ein del teologisk ueinig med Sigvart (og er det enno, men det er greitt!) Mot slutten av boka endra han synet sitt på Bibelen, og det gjorde at eg pusta lettare. Og det var ingen ringare enn Jacob Jervell, syskenbornet til den elskede farmora mi, som hjelpte han på vegen der. Og innimellom helsar eg på broren hans, Jon, når eg hentar mannen min på jobben. Og så er eg viss på at Karoline og eg er i slekt, kanskje femtenmenningar! Dessutan har eg vore på kino med Karoline allereie i 1990. To venninner og eg synst det var veldig stas å sitje ved sidan av Karoline (og Gud veit kven som var med ho!) då me såg filmen Ghost. Me kunne ikkje la vere å fnise, og sjølv om det var fryktelig nifst, så klarte me å manne oss opp til å spørje om å få autografen på kinobilletten. Det fekk me sjølvsagt! Det er ikkje til å komme unna at fnisefaktoren steig betraktelig då Karoline byrja å grine under filmen. trist var han då ikkje!  For å ikkje snakke om då eg møtte Sigvart på lekebutikken like ved Fløibanen. Der stod han rett ved sida av meg, og eg tenkte at no er sjansen min komen til å endelig helse på han. Det gjorde eg sjølvsagt ikkje. Akkurat som eg heller ikkje tok på han på Litteraturuka. Eller på alle konsertane der eg ikkje reiste meg opp og sa "Hei Sigvart! Her er eg!" Mest av alt har me vore ulauselig knytta gjennom musikken. Eg blir stadig oppløfta av songane hans! Så om me er ueinige om eitt og anna, så er eg mest av alt evig takknemlig for alt eg har opplevd gjennom musikken. At musikken har vore der i både gode og tunge tider. Der eg har opplevd å bli løfta opp til noko guddommelig, og der eg har berre kunne sitje ned og bli velsigna.

No er du kanskje ueing i at dette er ei bokomtale. Og kanskje har du rett. Likefullt vil eg sei at tankane mine i dette inlegget er basert på tankar eg opplevde etter å ha lese Nesten frelst av Sigvart Dagsland, ein biografi skriven av Olaug Nilssen. Ei forfatterinne som for meg ei gong i tida var heilt ukjend og ganske så irriterande. Heldigvis har eg endra oppfatning. For elles hadde eg kanskje aldri lese denne boka. Ei bok som har rørt ved mange kjensler i meg. Både fordi eg har vore ueinig, fordi eg har vore sint og trist fordi ideala brast. Men eg har og blitt glad av boka. Fordi eg har lov til å lese om og bli betre kjent med ein av kvardagsheltane mine. Fordi eg har fått lov til å røske litt i mitt eige trusliv (det gjorde vondt og!) Kanskje mest av alt er eg glad for å ha stifta betre bekjentskap med Olaug Nilssen (no brukar eg begge navna igjen, for no er det forfatterinna eg snakkar om!) No gler eg meg til å utvide boksamlinga mi!

Takk til Sigvart for eit hav av god musikk og utallige dykk i livet og trua gjennom fleire år! Takk til Olaug som har skrive ein herlig og drivande god bok om favorittmusikaren min! Takk til begge for å ha fått meg til å tenke! Og så ser eg at vi er ikkje så ulike, me tre. Tru om ikkje Gud har sansen for oss alle, med dei (u)like ståstadene våre!

Eg ynskjer alle mine lesare ein velsigna GLAD dag! Gjer noko godt mot ein du er glad i!

7 kommentarer:

  1. Hei og hopp. Første gang jeg er innom bloggen din. Du skriver godt: "Me er jo trass alt vener!" og "For er det nokon som har levd med Sigvart på brødskiva, så er det meg". :-D Utrolig stort utbytte du har fått fra EN bok da, tenkt på det duu ;-)

    SvarSlett
  2. Spirea (utlogget) Hjertespor-bloggenfredag, 15 februar, 2013

    Dette leste jeg med stor iver og stort engasjement. Jeg er også vokst opp med Sigvart og elsker musikken hans. Ingen kan synge som han, ingen rører meg i dypet som sangene hans...men i det siste er det blitt litt med ham, som med Eidsvåg....de viker for mye til høyre og venstre og det skuffer meg. Hvor ble den sterke, solide troen av? hvor ble det av dem som sang og skrev sanger til Gud?
    Ikke vet jeg, men ja, jeg følger deg helt i det du skriver her. Dessverre. for det er litt leit når det går den veien...
    jeg liker fortsatt sangene til Sigvart - og jeg syns han var en knakandes kjekk kar på Korslaget. Boken har jeg ikke lest....men får et innblikk her via deg. Og en siste ting - er det ikke rart hvordan dem kan aldri kunne tro kunne bli venner - kan bli nettopp det. Vi kan få oss noen overraskelser i livet, ikke sant?
    God helg!

    SvarSlett
  3. Ahh, det var en fin omtale.
    Artig, at jeg både skrev i omtalen min og i kommentaren til deg at jeg skulle ønske jeg hadde valgt meg noen som stod meg nærmere, for så å komme hit og se at det er akkurat det du har gjort. Så til de grader. Sånn sett kunne ikke omtalene våre ha vært mer forskjellige. Mitt liv er like langt fra tommyland som ditt er nært Sigvarts.

    Det fascinerer meg at kristenhet graderes, og at Sigvart av og til faller igjennom som ikke kristen nok. Jeg som ikke vet noe om han, annet enn at han er kristen og gift med Karoline, har selvfølgelig innbilt meg at han er MEGAkristen, omtrent geistlig, så dette er et blikk inn en ny verden for meg. Har ikke lest Olaug Nilsen engang.
    Sa jeg at det var en veldig god omtale?
    It is!

    SvarSlett
  4. Fantastisk at ei bok har satt igang så mange følelser og tanker! Til tross for at jeg er vokst opp med Dagsland, 2 år eldre enn meg og vi er fra samme by, så har jeg aldri hatt noe forhold til ham. Jeg har opplevd ham (helt sikkert veldig så uriktig og urettferdig) - som...falsk... Jeg kan ikke forklare hvorfor. Eneste forholdet jeg har til Tensing er Frøken Bibelstripp av Øystein Sunde, så det er kanskje derfor. Som Ingalill fascineres jeg fremdeles av at kristenhet graderes, det har jeg aldri forstått. Dette til tross, omtalen var utrolig bra! Rett fra hjertet og ærlig. Kjekt å lese! :)

    SvarSlett
  5. Ser jeg har kommentert dette innlegget før - i februar? Hvordan er det mulig....anyway...det virket jo litt kjent, så jeg lurer på om dette har ligget ute før..? Jaja - ;) håper du har det bra!? Ville bare innom og hilse på og ønske deg en fin sommer, jeg. Tar ferie her snart - og dermed blir jeg litt borte fra blogg - så GOD SOMMER til deg. Nyt. klem

    SvarSlett
  6. Kjempeartig innlegg! Jeg kjenner igjen dette med forbindelseslinjer når jeg leser biografier. Når jeg leste om Mari Boine, fant jeg en person som ble hennes venninne og samarbedspartner en perioder, Marion Palmer. Marion er tanta til en rkeativ ung mann jeg kjenner i Trondheim og faren hans, broren til Marion må det vel være, er advokat. Så da begynte jeg å tenke på det.. Men mest følelser involvert ble det da jeg leste biografien om Åge Aleksandersen, fordi han er fra Namsos og det er jeg også, og der var det mye å gjenkjenne av miljø, oppvekst og sånn...
    Så da kan man jo skrive seg helt ut på viddene, når man får så mye å tenke på når man leser om andre, for det gjør jeg også..
    Men sterkest er selvfølgelig forholdet til musikken, hvis man har et sådant..
    Sigvart har jeg ikke sånt spesielt forhold til, men jeg har jo hørt og sett han på tv og radio og sånn og vet han er gift med Karoline- Det var jo i BJørn Eidsvågtia han Sigvart kom på banen også, var det ikke? Altså før, ikke nå, da de var veldig unge, sånn på 80-tallet en gang.. Bjørn Eidsvåg var jeg så fan av at jeg selv nesten ble kristen en periode, men det gikk over..

    SvarSlett
  7. Bare meg:
    Fikk så lyst til å lese dette innlegget igjen etter Dagsland kom opp på tvangslesingskafeen. Det er akkurat like bra som jeg husket, kanskje enda bedre.

    SvarSlett

Jeg setter stor pris på at DU legger igjen en hilsen i bloggen min! Tusen takk!!! Og med ønske om en glitrende glad dag til deg :))